Utskriftsvennlig versjon

Arkivorganisering

Sentralarkivet/post- og arkivtenesta  ligg i kommunesenteret.

Arkivtenesta har ansvar for desse arkiva:

  • kommunen sitt fullelektroniske saksarkiv frå 01.01.2009
  • fullelektroniske personalmapper for alle kommunalt tilsette frå 01.01.2009
  • Fullelektroniske elevmapper frå 01.08.2012 (Sikker sone skule)
  • PPT sitt arkiv over barn med innvilga tenester
  • aktive klientmapper barnevern
  • aktive klientmapper tenestene for funksjonshemma
  • aktive klientmapper flyktningtenesta
  • avtalearkiv
  • skøytearkiv
  • tomtearkiv
  • FDW-dokument av ferdige kommunale byggeprosjekt
  • protokollar og møtebøker
  • bortsettingsarkiv for:
    - klientmapper (sosialtenesta, barneverntenesta, tenestene for funksjonshemma)
    - elevmapper fram til 01.08.2012
    - kommunen sitt saksarkiv fram til 01.01.2009
    - personalarkiv for kommunalt tilsette fram til 01.01.2009
    - landbruksarkiv fram til 01.01.2011
    - skogbruksarkiv fram til 01.01.2011

 Fjernarkivet ligg i kjellaren i kommunehuset og inneheld eldre saksarkiv, personalarkiv, morsarkiv, elevmapper.

 Økonomiavdelinga har arkivansvar for:

  • rekneskapsarkiv
  • skatt

 Teknisk kontor har arkivansvar for:

  • eigedomsarkiv fram til 01.01.2015
  • oppmålingsarkiv/kart
  • planarkiv

Avdeling for bygg og vedlikehald:

  • Prosjekt- og planteikningar av kommunale bygg før 1990

 Helse- og sosialkontoret har:

  • brukarmapper - betaling for opphald i institusjon

 Avdeling for plan og næring har arkivansvar for:

  • kart hjortevald

 Stryn omsorgssenter og Vikane omsorgssenter har arkivansvar for:

  • aktive brukarmapper

NAV Stryn har arkivansvar for:

  • aktive sosialklientmapper

 Stryn helsesenter har arkivansvar for:

  • papirbaserte pasientmapper fram til 01.01.2015
  • fullelektroniske pasientmapper frå 01.01.2015

Avdeling for fysio-/ergoterapi har arkivansvar for:

  • papirbaserte pasientmapper

Skule- og kulturetaten:

Rektor/styrar er ansvarleg for at ikkje arkivverdige dokument i arbeidsmapper vedk. barn/elevar vert makulert når barnet/eleven sluttar, og at arkivverdige dokument som kjem fram ved gjennomgang, vert sendt til servicekontoret for scanning.

 Arkivtenesta har hovudansvar for alle desse arkiva.

 

Laster...